Edvard Kildahl

Viser/akustisk
Lytt til Edvard Kildahl

Edvard Kildahl er ein 21 år gamal songar og låtskrivar frå Bømlo på vestlandet. Musikken hans er prega av ein stor kjærleik for visetradisjonens tekstfokus, jazzens improvisasjon og folkemusikkens tonalitet som vert kokt i saman i ei musikalsk gryte. Dei norske tekstane hans er skriven på dialekt og omhandlar temaer som tilhørigheit og identitet. No bur Edvard i Trondheim der han studerer på Jazzlinja, saman med resten av bandet sitt. Saman skapar dei eit rikt lydbilde som både kan vere sart i den eine augneblinken og eksplosivt i den neste. Kom og høyr og bli med på reisa!