30. januar – 1. februar 2025 går Trondheim Calling nok en gang av stabelen med eit fantastisk musikkprogram og eit spanande konferanseprogram for musikarar, bransjefolk og publikum. Calling UNG gir dei under 20 år moglegheita til å delta på denne fantastiske festivalen!
Calling UNG er eit gratis program for ungdom som ynskjer å jobbe med musikk eller som berre er nysgjerrige på musikkbransjen. Deltakinga krev ingen erfaring eller førehandskunnskapar. Calling UNG arrangerast laurdag 1. februar, 2025, på Clarion Hotel Trondheim og Kultursenteret ISAK.
Deltaking på Calling Ung tilbyr:
- Gratis konferanseprogram på Clarion Hotel Trondheim på Brattøra laurdag 1. februar.
- Felles middag før konsertstart på ISAK.
- For påmeldte over 18 år: Delegatpass (som gir tilgang til heile konferanseprogrammet til Trondheim Calling og konsertane på Byscenen, Byscenen Anneks, Frimurerlogen og ISAK) og eiget konferanseprogram.
- For påmeldte under 18 år: Eiget konferanseprogram og tilgang til Trondheim Calling sitt musikkprogram på kultursenteret ISAK på laurdagen.
For å kvalifisere til Calling UNG må du vere mellom 15 og 19 år gammal og vere over gjennomsnittet interessert i musikk. Dersom du bur utafor Trondheim kan du framleis søke, men gjer det klart om du ikkje har ein plass å bu, då det finst moglegheit for at vi kan dekke opphald for nokre ungdommar.
Calling UNG 2025
12:00 – 12:45 | Bli kjent og forberedelse til meet & greet |
13:00 – 13:45 | Program (meir info kjem) |
14:00 – 14:45 | Musikkontorets lyttepanel |
15:00 – 16:00 | Meet & greet med musikkbransjen |
16:00 – 16:30 | Gå i samlet flott til byen |
16:30 – 17:45 | Felles middag |
18:00 -> | Konsertprogram |